– Synnøve Spangelo

Synnøve Spangelo

Synnøve Spangelo from Bergen, Norway and is mainly a printmaker.  Synnøve Spangelo projects photos, made out of material taken during a trip with her kayak.

hh1
From Håheller
©Synnøve Spangelo foto

“Slowly, but surely, deconstruction replaces life that has been lived.
And we can imagine what has passed , and what could have been
if people still cared for the places.” SS

“Sakte, men sikkert tek forfallet over etter det levde livet.
Og me kan drøyme om det som var, og det som kunne vore,
om menneska enno brydde seg om plassane.”

hh2From Håheller ©Synnøve Spangelo foto

Håheller

Eg sov på stranda under teltet
av målingsplast. Og torde ikkje
gå inn i huset før daggry.
For der var stilla etter folka
som hadde ete, krangla,
elska, vorte fødd, levd og døydd,
og sjeldan har nokon kome sidan
og laga lyd.

Der var rullesteinsmurer langs
heile sjøkanta, og bugnande
frukthagar. Eg tok ikkje meir enn
eitt par moreller,
for  det var ikkje mitt,
og om eg hadde ramla ner frå
den morkne stigen eller,
då eg var inne i huset, trødd
gjennom loftsgolvet, så ville ingen
ha merka noko..

Så frydefullt og så skremande det er,
å kjenna så klårt at livet
kviler berre på deg, der du står åleine

i dei døde si fråflytta verd.Då eg hadde komen derifrå,
trefte eg ei dame som fortalde at
dei aldri plukka bær på Håheller,
der var for mykje orm.
Det er eg glad eg ikke visste.

Håheller

I slept under a cover
made of  industrial plastic.
And did’nt dare to enter  the house until dawn.
For there were the silence after the ones
who had  eaten, quarreled,
loved, been born, lived and died,
and seldom had anyone come after
and made any sound.

There were  walls of boulders along the shore,
and bulging orchards. I did’nt take more than
a couple of cherries,
for they were not mine, and if  I’d fell down from
the rotten ladder or,
when I was inside the house,
stepped through the attic floor,
no one would have noticed.
How  joyful and how terrifying it is,

to feel so heavily that life
clings only to you, where you stand alone
in the  abandoned world of the deceased.

When I was back from there,
I met a  woman who told me they never
went for picking berries at Håheller ,
there were too many  snakes.

I’m happy I did’nt know that .

                                   S.S.

Advertisements